fredag 24. juni 2016

Solesmes, Pays-de-Loire

Sundag 19. juni til torsdag 23. juni 2016


Songarane i Schola Solensis har hatt eit heilt fantastisk inspirerande opphald i Solesmes i Frankrike! Vi hadde sett fram til å få møte fader Bruno Lutz, korleiar i klosteret Abbaye Saint-Pierre Solesmes. Vi visste at vi skulle ha ein kyrkjekonsert (men ikkje at vi skulle få lov til å synge inne i sjølve klosterkyrkja), og vi håpa på å få eit møte med nonnene i Abbaye Sainte-Cécile de Solesmes. Takka vere vår svenske reiseleiar og døropnar, Madame Berit, fekk vi oppleve så uendeleg mykje meir enn vi hadde våga håpe på!

Det må vere travelt å vere munk og nonne: Heile sju gonger i døgeret syng dei tidebøner. Laudes, Messe, Vesper og Completorium er opne for oss vanlege folk. Desse varer frå 25-30 minutt til ein time. Her blir det ikkje lese eller sagt eit ord; ein syng alt frå bibeltekstar til bøner, og når vi seier "ein syng", meiner vi eigentleg "dei syng", for vi deltar ved å vere til stades og lytte. Keisamt, tenker du kanskje? Ikkje i det heile tatt, er vår røynsle! Den gregorianske songen har ein energi og ei kraft i seg som løfter deg og gir deg indre fred på same tid. For oss songarar var det sjølvsagt lærerikt og inspirerande å høyre korleis ekspertane fraserer og ikkje minst avfraserer, kor dei pustar og kor dei ikkje pustar og så vidare.

Fader Bruno tok seg tid til å undervise oss heile fire økter, og det var verkeleg ei gledeleg overrasking! Fryde-fæle er kanskje ordet som skildrar best desse møta. Han gav oss mange gode råde om kva vi skal jobbe meir med i tida framover, og ikkje minst gav han oss nokre enkle metodar vi kan nytte for å jobbe med dette. Han hadde også med seg bøker med fotografiske faksimiler av handskrift som viste dei ulike stega i måten å notere den gregorianske songen på.



Vi fekk også to sterke møte med nonnene. Tysdag ettermiddag var vi på vesper i nonnene si klosterkyrkje, og etterpå var vi inviterte inn i samtalerommet for å synge for dei. Ikkje til forkleining av nokon, men dei var eit fantastisk godt publikum! Inger Hagerup skriv i diktet "Episode" om "den spente streng fra hans til hennes hjerte", og sånn var det å synge for nonnene; det var som spente strengar frå hjarte til hjarte. Det er ei eiga sjukeavdeling i klostera, og nonner og munkar som er utdanna sjukepleiarar jobbar her. Då vi song for nonnene, tok dei oss opp på band, for å kunne spele av konserten for dei som var for sjuke til å komme ned.



Onsdagen fekk vi eit personleg møte med ei nonne som har levd i klosteret i 54 år. Nonnene lever innanfor "la clôture", og dei går berre ut om det er absolutt naudsynt. Samtalerommet er delt i to av ein vegg med solid gitter. Til og med når dei skal møte familien sin, er dei på kvar si side av dette gitteret. Dei får lov til å stikke hendene gjennom gitteret, men det er alt. For oss var dette underleg og opprivande å høyre, men nonna sa vi måtte hugse på at alle nonnene var der av eiga fri vilje - men det er vondt for foreldra i starten, la ho til.  At dei lever innanfor klosterets murar tyder ikkje at dei aldri er ute i frisk luft: Kloster har enorme eigedomar og vakre hageanlegg som nonnene nyttar mellom anna til å gå eller springe seg ein tur.



Følg lenkene under for å vitje klostera sine heimesider:

http://www.saintececiledesolesmes.org

http://www.solesmes.com/office-recordings-video

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.