fredag 2. oktober 2015

Schola Solensis - 20 år!

Invitasjon til 20 års markering for Sola ruinkyrkje og Schola Solensis
Laurdag 31. oktober 2015, kl 12 – 16 i Sola ruinkyrkje
 

Syng Kyrkje, Syng  

Psallat Ecclesia


 
Føredrag:
  • Alf Tore Hommedal, Førsteamanuensis Universitetsmuseet i Bergen, ansvarleg for utgraving av kyrkjeruinen i 1986, og fagkonsulent for gjenreising av kyrkja. Emne: Historia om Sola ruinkyrkje 
  • Åslaug Ommundsen, Forskar, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier, Universitetet i Bergen. Emne: Norske handskriftfragment og den gregorianske songen 
  • Marianne Evensen, Kulturkonsulent i Sola. Emne: Marinemålar  Johan J. Bennetter – han som redda ruinkyrkja. Det blir vist måleri. 
Schola Solensis syng gregoriansk song mellom innslaga
Schola Solensis. Foto: Gunnar Grøsland
 
 
Påmelding til asbjorg.vaaland@lyse.net innen 17.10. Pris: kr 200. Faktura blir sendt etter registrert påmelding. Arrangør: Schola Solensis i samarbeid med Sola kulturkontor. Enkel servering. Velkomen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar