lørdag 22. august 2015

Semesterstart

Måndag 17. august var songsemesteret i gong att for Schola Solensis sin del.

Vi har så mange planar; du skulle berre visst!
- Og du skal få vite om alt, men det kjem i mindre porsjonar. Vi kan likevel røpe at vi har tenkt oss til Bergen, vi dukkar nok òg opp i Stavanger domkirke og du kjem heilt garantert til å finne oss i Sola ruinkyrkje - utan samanlikning Noregs vakraste øvingslokale.

Tjueårsjubileum
I 2015 er det tjue år sidan Sola ruinkyrkje blei gjenopna som nettopp ei ruinkyrkje. Schola Solensis feirer same jubileet: scholaen kom til som ei direkte følgje av at Sola ruinkyrkje skulle gjenopnast i 1995. Scholaen er oppriktig glade i denne mellomalderkyrkja, og vi let ikkje eit jubileumsår seile forbi utan at vi markerer det. Du skal som få vite meir når det nærmar seg. Vi legg ut informasjon på Facebook gruppa til Schola Solensis og på denne bloggen.

Du skal vere hjarteleg velkommen til kvart eit arrangement!
Ta med deg nokon og rusle deg ein tur på stranda, om det er konsert i ruinkyrkja. Solastranda er fascinerande flott anten det er sommarsol, eller det er haust og ruskar ute.

Om du er blant dei som kunne tenkt deg å prøve å synge i lag med oss, kan du gjerne ta kontakt med dirigenten vår, Ragnhild A. Hadland.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar